Munch mellom barken og veden

Foto med tillatelse: Helle Hobbelhagen

Eg trur ikkje diskusjonen kring det nye Munch-museet kan ha gått ein einaste nordmann hus forbi. Skal museet stå på Tøyen eller skal det flyttast meir sentralt?

Eit interessant aspekt kring Munch sin framtidige endestasjon kan mogleg vera dets plassering innad i kretsløpet i høve posisjonering. I boka «Det norske kunstfeltet», til Dag Solhjell og Jon Øien, beskriver de Pierre Bourdieus inndeling av høgkultur og lågkultur, det smale og det breie kulturbegrepet, finkultur og populærkultur, det elitære og det kommersielle. Ein beteiknar ofte den eine delen som katedral, den andre som børs. Ein tredje inndeling kallast rådhus der politiske og demokratiske motiv er i fokus. Desse tre fell innanfor begrepa det eksklusive (katedral), det inklusive (rådhus) og det kommersielle kretsløpet (børs).

Munch sin kunst er sett på som eineståande i verdssamanheng, og har nok ved salet av «Skrik» til fleirfaldige millionar kroner bekrefta sin plass i verdshistoria, sjølv om han opplagt frå før var ein høgt anerkjend kunstnar. Han gjekk fremst og bana vei for ekspresjonismen i Noreg samstundes som på verdsbasis. Hans mål var å beskrive forholda til «den moderne psyke», og meinte at menneska sto maktesløyse framfor dei store naturlege kreftene kring død og kjarleik samt kjenslene assosiert med dei –sjalusi, einsemd, frykt, lyst og fortvilelse (Kleiner, Mamiya 2005: 889). Desse kjem mogleg tydelig fram i kunstverka hans, og spelet på alle mennesker sine kjensler gjer at kvar og ein kan kjenne seg att og la seg gripe med av kunsten.

Såleis kan ein seie at hans posisjon, hans anerkjenning og plassering historisk både set han innanfor det eksklusive kretsløpet, samt det kommersielle. Han rekk vidt og treff mange med kunsten samstundes som at han innehar respekt og aktelse innad i det smale miljø. Hans velkjende malte andlet frå verket «Skrik» er kommersielt tatt i bruk i notidas skrekkfilm for ungdomar, og befestar verkemiddelet bunde til frykt og hans talent til å framvise dette via maleri, som treff både kjennera av kunsten samt den som ser på verket for fyrste gong eller via ein film satt utav dens originale kontekst.

Ein kan seie at Munch òg fell innanfor det inklusive kretsløpet då store delar av hans samling er gitt som gåve til Oslo Kommune. Ved det inngår kunsten hans i det politiske spel og der hans offentlege liv er avhengig av kommunens måte å handtere samlinga på. Han er eit av Noreg sine største historiske navn og arva etter han er interessant for mange andre enn kun nordmenn og spesielt interesserte, som mogleg andre norske turistattraksjonar som beror seg på kulturlivet er. Kunsten skal tjene andre formål enn seg sjølv. Kunsten har blitt eit spørsmål om byutvikling. Ville fleire kome og sett kunsten om den låg i Bjørvika føre Tøyen? Set ein kunsten der den fortjener å vera eller der ein trur den gjer seg best for ei gruppe i folket? Skal ein satse storslått på fantastiske omgjevnader og enkel tilkomstveg eller gjera det litt vanskeligare å kome til og mindre synligheit, men byen generelt får eit breiare spenn? Eg skulle gjerne hatt svaret og delt det i dette blogginnlegget, men eg er redd eg der kjem noko til kort. Enklast er det å skulde på begrensningane i høve ord. Eg har svaret, eg har berre ikkje plass nok.

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s