Fleire bein, meir i snuble i?

Eit museum eller galleri er, som skrive i Dag Solhjell og Jon Øiens Det norske kunstfeltet, prega av eit sett forventningar til kva ein kan finne innad veggane. Galleriet som formidlar innehar gjerne eit sett med forventingar frå ein tek foten innanfor døra; Mange vil på førehand ha ei kjensle om kunsten vist kan vera noko ein er tilbøyelig frå eigen smak til å kjøpe, om det er noko ein kan like og som ein gjerne vil finne interessant, studere og sjå på.

Ingunn2
Foto tatt og godkjend publisert av Kristin Shovick

Astrup Fearnley Museum sentralt plassert i Oslo var nyleg vert for opninga av Oslo Fashion Week. Kvifor velger eit kunstmuseum å samarbeide med eit prosjekt som ein mogleg opprinnelig ikkje tenker går under kunstbegrepet? Vil somme kunstnera skremmast vekk av slike hybridar, eller er det innanfor kva som er godkjend sjølv for kjennerane? Om ein vender blikket utover ser ein at fleire stader i verda tas andre verkemiddel enn kunst plass i galleria. I Amerika sitt nest største kunstmuseum –The Art Institute of Chicago- går dei òg nye vegar for å få ein vidare publikumsskare. Samtidsdans, diktverksted, Hindufestival, barnevognturar, yoga og meditasjon er somme av tilboda til museet.

Foto tatt og godkjend publisert av Kristin Shovick

 

Oslo Fashion Week si opning på Astrup Fearnley kan i begge sin favør seinast å påverke partane. Mogleg kan uttrykket i moteverda ha bevegd seg sterkare i retning moderne kunst sine uttrykksformer, og meir forsøkt å skape billedlige kunstformer enn å framstå kun som ein kommersiell arena for sal av klede. I Astrup Fearnley sitt tilfelle kan det i motsatt fall framstå som ei opna dør mot det kommersielle att, og det kan sjå ut som dei ønskjer sterkare å verte framvist som ein aktør som kan spele på fleire strengar og vende seg mot eit breiare publikum. Her må ein passe seg så ein ikkje mister kredibilitet og plutselig henvender seg til «alle» og dermed kan stå i fare for å gå glipp av ei gruppe kunstnera ein ønsker å stille ut arbeidet til. Samstundes viser dei vilje til nytenkning når det kjem til å overleve på marknaden, med den beliggenheten dei innehar i Oslo by. Ved å vera ein privat stiftelse er ein avhengig av ei viss inntekt ved sidan av kunst for å henge med elles, og der verkar det som Astrup Fearnley grip moglegheitane dei får. So kan det diskuterast om det går på akkord med museets eigen visjon og renommé, eller dei viser takter for å klare nødvendig inntekt utan for stor innverknad frå Staten og dermed inngåing i det politiske spel, med alt det dét inneber.

Kunstsnobberi eller nødvendige tiltak for å overleve? Samfunnsansvar, då ein er plassert nydelig til i byen, eller innsnevring av kunstuttrykket for å smøre kjennerane i eit mindre miljø?

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s